Og vi sakser fra Fylkesmannen i Rogaland:
Tiltak for dei evnerike barna i skolen
I den seinare tid har det vore mykje medieomtale om korleis dei mest evnerike elevane skal kunne trivast på skolen og få godt utbyte av opplæringa. Spesialundervisning er ikkje aktuelt, men opplæringslova gir høve til tiltak som kan gi desse elevane større faglege utfordringar.
I Norge har fellesskolen lange tradisjonar. Likeverd, inkludering og tilpassa opplæring er viktige prinsipp i den norske fellesskolen. All opplæring skal tilpassast evnene og føresetnadene til den einskilde elev innanfor fellesskolen. Tilpassa opplæring er viktig for at den enkelte elev skal ha utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 1-3.
Fordi skolen først og fremst er ein fellesskapsarena, kan ikkje tilpassa opplæring bli forstått som rein individualisering av opplæringa. Det handlar om å skape god balanse mellom individ- og fellesskapsorientering.
Tilpassa opplæring skal skje innanfor ramma av den ordinære opplæringa og er ikkje eit rettsleg grunnlag for å gi enkeltelevar eineundervisning. Kvar elev skal tilhøyre ei gruppe og til vanleg skal ikkje opplæringa organiserast i grupper etter fagleg nivå.
Læreplanane er i hovudsak organiserte med kompetansemål etter 4., 7. og 10. trinn. Det betyr at elevane kan jobbe med andre kompetansemål enn dei andre elevane på trinnet. Men det er fleire tiltak som kan vere gode for dei mest evnerike elevane i skolen.
Opplæringslova opnar for følgjande tiltak:
1. Fleire timar i nokre fag og mindre i andre – omdisponering av inntil 25% av timane
2. Ungdomsskoleelevar kan ta fag i vidaregåande skole
3. Hoppe over eit skoleår – fritak frå opplæringsplikta
Les mer her: Rogaland – Tiltak for dei evnerike barna i skolen.
Én kommentar til “Fylkesmannen i Rogaland: «Tiltak for dei #evnerike barna i skolen»”
Kommentarer er stengt.